Windows Hello for Business er ein ny og sikker måte å logge inn på PC-en din. I staden for passord bruker du ein personleg PIN-kode som berre fungerer på PC-en din. Løysinga er sterkt tilrådd av Nasjonal sikkerhetsmyndighet.  


Slik kjem du i gang  

Når du loggar inn på PC-en, vil du automatisk bli beden om å sette opp Windows Hello. Du får rettleiing frå systemet. For at dette skal gå så enkelt som mogleg, er det tilrådd at du har Microsoft Authenticator installert på telefonen din.  
Sjå rettleiing for korleis du set opp Microsoft Authenticator  


Kva med stasjonære maskiner?  

Denne løysinga er for tilsette med ein dedikert berbar PC. Det vil seie ein PC som berre du brukar. Windows Hello blir ikkje aktivert på stasjonære PC-ar.   


Kva med ansiktsgjenkjenning?  

Nokre PC-ar støttar bruk av ansiktsgjenkjenning for å logge seg på. Det er heilt frivillig å bruke. Ansiktsgjenkjenninga lagar ein digital modell av ansiktet ditt. Dette blir berre lagra lokalt på PC-en, i ein sikker kryptert chip. Ingen bilete blir lagra. Ingenting blir sendt ut.  


Kva om du får problem?  

Om du opplever problem med Windows Hello for Business så kan du kontakte servicedesk hos IKTNH.  
Kontakt IKT

 

Her er ein video som illustrerer kva Windows Hello er:

windows hello - video.mp4