Me lanserer i dag, 8. august, www.tysnes.kommune.no i ny og oppdatert versjon.
Sida vil bil lansert, og det vil bli gjennomført justeringar i løpet av dagen i dag.
Forvaltning av innhald
Mykje av innhaldet er flytta og ikkje oppdatert, og den store jobben med å oppdatere innhaldet begynner no!
Meld frå om feil og manglar
Ser du noko som er feil, er det noko du saknar eller syns bør ut på nettsida - me vil gjerne ha beskjed! Send e-post til: redaksjonen@tysnes.kommune.no
Kjente feil
Det interne søket på sida vil bruke litt tid på å bli klart. I løpet av veka bør det fungere!
Sjå nye funksjonar
Her er ein liten oversikt over dei største endringane:
Friskus
Frskus er no integrert med nettstaden slik at me får opp aktivitetane på framsida, under oversikten over nyhende.
Aktuelt artiklar på fleire sider
Me kan no publisere artiklar under aktuelt på fleire sider og vurderer for kvart tema kor det er aktuelt å publisere informasjonen. Per no vil du mellom anna finne aktuelt artiklar på framsida, på sida for skule og SFO, barnehage, under høyringar og planar, samt under tilskott på kultur og fritid.
Fant du det du leita etter?
Kvar side og artikkel vil ha ein funksjon nederst på sida der edu og publikum kan gje tilbakemelding. Me håper dette vil gje oss konstruktive tilbakemeldingar som me kan bruke til å utvikle nettstaden vidare.
Bruk av bilete
I vurdering av biletebruk er det fleire omsyn å vurdere. Formelle krav opp mot universell utforming av nettsider, mellom anna med omsyn til blinde og svaksynte. Såkalla «banner blindnes» gjer opplevere bilete som ein forstyrrande element som blir oversett. I tilegg er det slik no at mykje av nettinnhald blir vist i andre kontekstar enn på nettsida, t.d. i søkeresultat på Google eller lest opp av smarthøgtalarar. Samla sett gjer dette at me vil bruke bilete i mykje mindre grad enn tidligare.