Etter vurdering av fleire aktuelle leverandørar er me veldig fornøyd me å annonsera at det nye kvalitetssystemet blir Compilo_Kvalitet.
Ein stor leverandør og eit system tilpassa offentleg sektor
Compilo_Kvalitet nyttast kvar dag av over 300.000 tilsette i offentlig sektor, for å sikre trygg kontroll i eigen organisasjon. Compilo har sidan 2004 hjelpt kommunar med å ivareta ansvar, gjennom eit kvalitetssystem tilpassa offentleg sektor.
Kvalitetssystemet i bruk
I systemet skal du finne ulike prosedyrar som er knytt til ditt fag og di eining, og også prosedyrar og retningslinjer som er felles for alle i organisasjonen.
Systemet skal gjere det enkelt å rapportere avvik, uønskt hendingar, nesten uhell og forbetringsidear.
Målet er at alle skal ha god kjennskap til systemet og bruke det aktivt som ein del av kvardagen.
Systemet skal nyttast i alle ledd i organisasjonen og er modulstyrt. Tysnes kommune har avtale om å ta i bruk avviksmodul og dokumentmodul.
Implementering og opplæring
Kvalitetssystemet Compilo_Kvalitet har mange nyttige funksjonar som de snart vil få nærare kjennskap til.
Me begynner med å ta i bruk avviksmodulen. Andre funksjonar vil aktiverast etterkvart som me tek dei i bruk. Me skal syte for at alle får god opplæring via leiarane og via superbrukarar på alle arbeidsplasser.
Hovudmålet er at me skal bli betre saman!
"Arbeid med rapportering av avvik, handtering av avvik og arbeid kring forbetring er eit kontinuerleg arbeid. Målet er at dette arbeidet skal bli ein naturleg del av vår kvardag." sier kvalitetsrådgjevar Elisabet Hatteberg som håper at me raskt vil sjå resultat av arbeidet me legg ned.
Elisabeth svarer gjerne på spørsmål de måtte ha om innføringa av eit kvalitetssystemet og om løysinga frå Compilo.
Slik kan framsida av kvalitetssystemet sjå ut for deg
Sjå gjerne meir på Compilo si nettside: https://compilo.no/