Måndag 12. august vart det arrangert felles fagdag på den første planleggingsdagen dette barnehage- og skuleåret, på Tysnes skule. Me var om lag 130 tilsette frå barnehage, skule, PPT, barnevern, eining for helsefremjande og førebyggjande tenester, kultur og frivilligsentralen. Det er fint og viktig å ha ein slik felles oppstart, å få felles påfyll, og eit felles utgangspunkt for noko av arbeidet med born og unge.
Tema for dagen var inkluderande praksis
Korleis kan me som fagpersonar gå varsamt inn i situasjonar der eit born er vanskeleg å inkludere i gruppa, kva me gjer når eit born eller ein ungdom på ulike måtar strevar med å passe inn, når dei slit med å følgje sosiale spelereglar, og korleis me som tilsette møter foreldra.
Å finne balansen mellom at omverda tilpassar seg bornet, og at bornet må tilpasse seg si omverd. Korleis me vaksne kan snakke med kvarandre på ein ærleg, men respektfull, måte på tvers av heim og instansar når eit born fell utanfor.
Me fekk besøk av barne- og ungdomspsykolog og forfattar Kirsten Resaland. Resaland har brei erfaring frå bl.a. bydelsarbeid (kommune), BUP, og familievernkontor. Ho har mykje erfaring med blant anna nevroutviklingsforstyrringar, men er også glødande opptatt av normalpsykologien og korleis me fagpersonar på best mogeleg måte kan gjere det lettare for born og foreldre å skape eit inkluderande og trygt miljø.
Tilbakemeldingar så langt har vore at det var nyttig, fleire fekk konkrete tips til korleis ein kan gå fram eller tenkje i arbeidet med born og unge, og at det var ein sprudlande føredragshaldar som klarte å halde dei tilsette påkopla ein heil dag.