Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane
Kurset vil gje deg trening i vedtaksskriving innanfor ditt fagfelt.
Kurset er retta inn mot dei som i ein del av stillinga si er saksbehandlar/skriv vedtak i den kommunale forvaltninga. Kurset vil vere mest relevant for dei med nokre års arbeidspraksis.
Gjennomføring
Kurset går over eit semester og er i regi av Universitetet i Bergen.
Det er lagt opp til nettundervisning og med fysiske samlingar i Bergen, dersom smittevernet tillet det.
Kurset vert avslutta med ein heimeeksamen. Bestått eksamen gjev 10 studiepoeng.
Erfaring
I 2020 har me tre frå Tysnes kommune som følgjer kurset. Silje er ein av dei som begynte i vår. Ho vil anbefale kurset til alle som driver med sakshandsaming:
Min oppleving er at kurset gir ei grundig innføring i forvaltningsloven. Undervisninga tar utgangspunkt i paragrafane og viser undervegs til konkrete eksempel og problemstillingar.
Me får dermed opplæring i korleis lese lovverket og korleis bruke dette i praksis.
Eg har fått ei bevisstgjering av mi eiga saksbehandling, og forvaltningslova har fått eit mykje større fokus i arbeidskvardagen. At eg får konkrete tilbakemeldingar på vedtak eg har skrevet, gir også læring for resten av kontoret ved at me diskuterar tilbakemeldingane der.
Noko for deg?
Sjå meir informasjon om kurset her: Innføringskurs i forvaltningsrett til tilsette i kommunane.
Interesse melder du til din leiar.