Olav Sævartveit jobbar på dagsenteret i Uggdal. Tre dagar i veka er han husvert på rådhuset.
Har du ikkje møtt Olav endå - kan du treffe han i gangane tysdag, torsdag og fredagar. Med husvert-skilt på jakka er han lett og kjenne igjen.
Olav tek på seg mange oppgåver på rådhuset, til stor glede for alle som jobbar her. Noko av det han gjer er:
- ordna og vaske kaffimaskina
- rydde og tørke støv
- ordnar med oppvaskmaskin
- fyller på te og kaffi og anna som trengest
- trakte kaffi til møter i kommunestyresalen
- fordeler post på huset
- makulering
Tar imot makuleringsoppdrag
Olav er glad i jobben sin og tek den veldig seriøst. Noko av det kjekkast er å få makuleringsoppdrag, syns Olav. Han har avtale om å hente papir som skal makulerast i fellestenesta. Han har signert teieplikt og syns sjølvsagt at dette er veldig viktig.
Han tek gjerne fleire makuleringsoppdrag. Har du noko han kan hjelpe med, snakk med fellestenesta om levering der.