I investeringsbudsjettet er det sett av 1,2 millionar til ombygging av Rådhuset i 2024. Målet med ombygginga er å samla dei ulike einingane, som oppvekst og kultur, teknisk og helseførebyggjande arbeid. Tidlegare i vår har me sett på korleis me best mogleg kan løyse dette innanfor budsjettramma.
Kyrkjekontoret har denne veka flytta ut og skal halde til i lokala over posten. Teknisk, som i dag sit i 2. etasje, skal flytte ned til kyrkjekontoret sine gamle lokale. Det er nødvendig med noko ombygging for å tilpasse lokala til talet på tilsette på teknisk. Dette arbeidet vil starte i veke 37 og vare i 4-6 veker.
Møterom Stjernereiso og møterom Lunde
Me vil også måtte nytta areala til møteromma «Stjernereiso» og «Lunde» permanent.
Møterommet «Stjernereiso» vil frå neste veke vere på det gamle rådmannskontoret. Dei som allereie har booka Stjernereiso fram i tid, treng ikkje booke om.
Møterommet «Lunde» vil vere tilgjengeleg lenger, sidan ombygginga startar i kyrkjekontoret sine lokale. Frå veke 40 bør ein endre møte som er booka i Lunde. Etter ombygginga vert det eit mindre «Multirom» som også kan nyttast til møte der «Lunde» i dag ligg, spesielt for Teams-møter.
Sidan me mister eitt møterom, vil me byggje om kontoret i 2. etasje over resepsjonen til eit stort møterom. Då må me «tette» igjen holet mellom 1. og 2. etasje. Det vert eit vindauge i veggen til det nye møterommet slik at me får dagslys inn i trappegangen. Denne ombygginga er ikkje avklart når skal starte, men me kjem tilbake med tidspunkt. Etter planen er det nødvendig å stengje resepsjonen i 2 dagar for denne ombygginga.
Vegen vidare og spørsmål
Det er også fleire mindre prosjekt som er planlagde. Me kjem tilbake til desse om dei vert aktuelle for årets budsjett.
Det er alltid krevjande med periodar med ombygging, der fleire må flytte på seg mellombels og permanent. Det er sikkert nokre moment me ikkje har planlagt for under ombygginga og flyttinga. Om det er noko, må de berre ta kontakt med Christophe, som saman med Charles gjennomfører ombygginga, så skal me finna løysingar saman!
Me håpar og trur dette vert bra for alle einingane når me alle er komne på plass.