Om omlegginga
No er det like før drifta av IT i Tysnes vert lagt heilt om til IKTNH.
Omlegginga er ein omfattande operasjon som vil gå over fleire dagar der brukarar, brukardata og system i periodar vil vere utilgjengelege medan omlegginga skjer.
Sjølv om tilsette får ny brukar, og gjenoppretta tilgangar, så må det forventast nokre dagar der alt ikkje fungerer optimalt. Meld inn i teamet kva som ikkje fungerer, så vil tilbakemelding bli gitt fortløpande.
I utgangspunktet heng alt saman med alt. Omlegginga er eit stort arbeid med mange involverte. IKTNH, leverandørar av system og program, linjeleverandørar og tilsette i Tysnes skal jobbe saman for å minimere nedetid og ulemper.
Her er nokre av dei mest merkbare konsekvensane tilsette i Tysnes vil oppleva:
• Alle tilsette i kommunen får nye brukarar. Nytt brukarnamn vil følgje standard med seks bokstavar, sett saman av kommuneprefiks og dei to første bokstavane i førenamn og etternamn.
Til dømes vil Lars Hansen få brukarnamn tylaha med e-postadresse lars.hansen@tysnes.kommune.no
Alle tilsette i oppvekst vil få @tysnes.kommune.no som si e-postadresse
• E-posten og officekontoen vert flytta og blir tilgjengeleg igjen etter kvart som prosessen hos Microsoft gjer seg ferdig. Flytteprosessen startar fredag 31.01, og tilsette vil oppleva å mista tilgangen til officeprogramma i løpet av helga for så å få brukaren tilbake etter kvart
• Alle får nytt passord. Nytt passord vert sendt på sms til alle som har registrert mobilnummer i kommunen sine system.
• Dei største systema som dannar kjerna i den kommunale drifta vert lagt om først.
• Nettverket vert lagt om, så det vil bli nedetid på internett til ulike tidspunkt på kommunale avdelingar. Sjå oversikta i tabellen under. Dette er ein plan vi må ta nokre atterhald på gjennomføringa av. Det er mange element å ta omsyn til.
• Alle PC-ar må setjast opp på nytt. Dei vil bli lagt om til Windows11. Alle data som er lagra på datamaskina vil bli sletta. De vil få ut eit skjema de fyller ut og legg på tastaturet på pcen din om at den er klar til nullstilling. Dersom de ikkje har skjema, så legg ein lapp på pcen at den er klar til nullstilling
• Data som ligg i skya eller på filområde på server vil ikkje bli sletta.
• Tynnklientar treng ein ikkje gjere noko med. Desse vert skifta ut med stasjonære datamaskiner
• Kopimaskinene vert lagt om saman med nettverksomlegging. Skrivarar vert sett opp med “Sikker utskrift”. Det vil seie at de registrerer adgangskort/brikke på skrivaren og kan logge inn med denne seinare. Med denne løysinga vil det også bli bruk for færre skrivarar.
• Det blir oppretta eit eige team for kommunikasjon rundt omlegginga av Tysnes kommune. Alle tilsette i Tysnes blir medlem i teamet med den nye brukaren sin. I teamet legg vi ut informasjon, og tilsette kan bruke dette teamet til å komma med spørsmål rundt migreringa. Teamet heiter “TY-Omlegging av Tysnes”. Dette teamet vert sletta ei tid etter at omlegginga er ferdig.
• Vi har forståing for at det kan bli frustrasjonar rundt omlegginga neste veke, men med godt samarbeid så vil vi få dette til på ein god måte.
Her er planlagte rekkjefølgja på omlegging av lokasjonane i Tysnes. Dersom det er trong for det, vil fredag bli brukt til etterarbeid.
Måndag | Tysdag | Onsdag | Torsdag | Fredag |
Tysneshallen Vågsmarka Bufellesskap Vågsmarka Barnehage Tysnes Brannstasjon Lunde Barnehage
| Tysnes Rådhus
| Tysnes Omsorgssenter
| Tysnes Skule Uggdal Skule Onarheim bhg/Skule
| Haugen Bufellesskap Tysnes Vassverk
|
Alle tilsette må signera fullmakta under, og vera tilgjengeleg dei aktuelle dagane for oppdatering av pc.
Oppdatert informasjon per 31.01.25
Mandag startar omlegginga av IT-drift til IKTNH. IKTNH vil vere tilstades med sju personar, som utfører den fysiske jobben på Tysnes i tillegg til teknikarar sentralt og ein Service Desk som er fokuksert på dette oppdraget.
Det er ein omfattande operasjon som vil gå over fleire dagar der brukarar, brukardata og system i periodar vil vere utilgjengelege medan omlegginga skjer.
Sjølv om tilsette får ny brukar, og gjenoppretta tilgangar, så må det forventast nokre dagar der alt ikkje fungerer optimalt.
Her er oppdatert og meir detaljert informasjon. Enkelte av punkta kan dessverre verte noko tekniske
- Det er viktig at de fyller ut skjema for samtykke til tanking av maskina.
Alt på maskina vert sletta, så du må lagre alt du skal ta vare på i din OneDrive eller på eit anna lagringsmedium. - Ditt nye passord må innehalda minst 14 teikn, og vera ei blanding av store/små bokstavar og tal. Dersom du ikkje får oppgitt passord direkte av oss, så kan du til ei kvar tid setje ditt nye passord ved å logge deg inn med bankID på https://passord.iktnh.no . Du kan også ringe vår Service Desk på tlf 53003400
- Det du har lagra på felles filområde finn du att under filområde F:/ Der har du tilgang til din avdeling sine dokument. Mappestrukturen er forenkla til eit område, i staden for dei svært mange stasjonsnamna Tysnes tidlegare har hatt.
Ditt personlege filområde finn du under stasjonsnamnet H:/ - Pcen din vert sett opp med Windows11. Eit oppgradert operativsystem. Du vil sjå at nokre menyar har endra seg noko, men du vil nok kjenna deg godt igjen.
- Det er ulike lisensar for Office. Nokon kan kun lesa epost og arbeida med dokument ved å logga seg på office.com på internett, medan dei som har sitt daglege virke med eigen pc vil kunna lasta ned officepakke til si maskin. Dersom Office ikkje er installert på din bærbare pc, så gå til www.office.com og vel “installer Office appar” (ein liten knapp oppe til høgre på nettsida)
NB! Pålogging til Office er heile e-postadressa di fornamn.etternamn@tysnes.kommune.no - På den bærbare pcen vil det vere installert ein heimekontorløysing som heiter “Global Protect”. Når den er aktivert, så vil du kunna jobba som på kontoret uansett kva nett du er kopla til.
- Du vil kunna bruka e-post og andre Microsoftappar fritt så lenge du loggar deg på med ein kommunal brukar, på ei kommunal maskin i eit kommunalt nett (Dersom du er på eit heimenettverk med Global Protect aktivert så reknast det som i eit kommunalt nett)
Dersom du er på private maskiner eller ein mobiltelefon, så må du autentisera deg med Microsoft Authenticator. Denne koblinga må du gjere medan du er i kommunalt nett med ein kommunal pc. Bruksanvisning for dette finn du i IKTNH sin brukarstøtteartikkel Installering Authenticatorapp for M365 | Selvbetjeningsportal - Alle skrivarar vil bli installerte med Sikker Utskrift. Det vil seie at når du skriv ut, så kan du hente utskrifta på alle KonicaMinolta skrivarar i kommunen. For å logga inn, så kan du registrera brukaren din på adgangskort/brikke og bruka denne for pålogging på skrivar. Registreringa gjer du sjølv første gang på skrivaren. Vi har med ekstra skrivarbrikker som vi kan dele ut. Dersom vi har med for få, så etterbestiller vi.
Dette vil også seie at dei små HP-skrivarane på kontora dykkar vil bli tatt vekk. Det er kun legekontor som skal ha bordskrivarar. - Etter omlegginga, så vil nokon oppleve at dei ikkje finn att, eller kjem seg inn i Team som de er inviterte inn i av andre organisasjonar. Då må de henvenda dykk til dykkar kontaktpersonar i den andre organisasjonen og sei at IT-avdelinga deira må sletta brukaren dykkar, for så at eigaren i teamet inviterer dykk inn igjen.
Her er planen for når vi er på dei ulike lokasjonane. Denne planen kan bli skubba på eller forsert alt etter progresjon.
Søndag | Rådhuset (nettverksskap) |
Mandag | Tysneshallen |
Vågsmarka barnehage | |
Vågsmarka bufellesskap | |
Tysnes brannstasjon | |
Lunde barnehage | |
Tysdag | Rådhus |
Grendatun | |
Drift- og vedlikehald | |
Onsdag | Omsorgssenter |
Uggdal PU | |
Torsdag | Tysnes skule |
Uggdal skule | |
Onarheim skule | |
Onarheim barnehage | |
Stjernereiso barnehage | |
Fredag | Haugen bufellesskap |
Våge vassverk |