Gode kollega og medarbeidar!
Gjennom 2 år har me jobba saman i kommunen for å halda hjula i gong gjennom pandemien. Fokuset har vore på å halda smittetrykket nede, og på den måten skjerme flest mogleg frå å få viruset. Innsatsen har vore stor frå alle tilsette, og det har vore kjekt å oppleve eit lag som verkeleg har dratt i lag gjennom pandemien. Det må me få takka alle og ein kvar for.
Takk for humøret, «stå-på»-viljen og den ekstra innsatsen alle har lagt ned. Det har vore krevjande for alle, men me kan sei at me kom godt gjennom det i Tysnes kommune.
Lenge hadde me ingen smitta kommunen, og me var lenge heldig som ikkje hadde smitte inne på arbeidsplassen vår. Då me fekk ei smittebølje også på Tysnes, var alle klar til å gjere sitt for å slå dette tilbake. På den måten har det i det store og heile gått veldig bra hos oss.
Me har dei siste vekene vore inne i ei ny tid, og ein ny fase i pandemien. Den nasjonale strategien har endra seg, og samfunnet er i det store og heile opna opp igjen. Dette har ført til ein massiv auke i talet på smitta. Noko som var forventa. På mange måtar har me dei siste vekene opplevd pandemien slik me var redd den skulle vere i starten, med mange smitta, og mykje fråvær.
Heldigvis er det eit mindre farleg virus enn den varianten som var tidlegare i pandemien. I tillegg er dei fleste vaksinert opp til fleire gongar. Smittesituasjonen har likevel bydd på utfordringar i mange delar av organisasjonen vår. Me opplever sjukdom på alle etatar og avdelingar i kommunen.
Dei siste vekene har vore spesielt stort smittetrykk i skule og barnehage. Også i delar av helse- og omsorgstenesta vår har det vore mykje fråvær grunna smitte. Dette har kravd ekstra stor innsats frå kvar og ein. Folk har måtta ta på seg ekstra arbeidsoppgåver for å dekka for dei som har vore vekke grunna sjukdom, ein har gjennomført arbeidsoppgåvene sine på nye måtar for å demma opp for fråvær, og folk har stilt opp på jobb sjølv om ein framleis er slitne og dårlege etter sjukdom. Dette gjeld ikkje berre i dei tenestene som er nemnt ovanfor, men det gjeld i hele organisasjonen, og det er rett og slett imponerande å sjå korleis de har løyst utfordringane.
Pandemien er framleis ikkje heilt over. Me kjem framleis til å oppleve smitte i tida framover, og sjølv etter vinterferien får me stadig nye bekrefta smittetilfeller. Men, me håper at smittetala snart flater ut, og går nedover. På den måten kan me gå inn i månadane før sumaren med ny energi, og ny giv.
Til slutt vil me ynskja god betring til alle som er sjuke, eller som kjenner på symptom i etterkant av sjukdomen. Me håper alle snart er friske og raske.
Tusen takk for innsatsen så langt!
Kåre Martin Kleppe Steinar Dalland
ordførar rådmann