Onsdag 2. oktober blir det informasjonsmøte om pensjon. Det blir også tilbod om individuell rettleiing for dei som er fødd før 1963.

Felles informasjonsmøte

Felles informasjonsmøte er eit tilbod til dei fødd i 1963 og seinare.

Dag: Onsdag 2. oktober
Klokka: 08:30 – 09:30
Stad: kommunestyresalen
Påmelding: Du kan møte uavhening av om du har meldt deg på - men det er praktisk å vite kor mange stolar me skal setja fram. 

Møtet blir ikkje streama då det er meldt lite interesse. Informasjonsdelen av møtet vil bli filma med mål om å gjere opptak tilgjengeleg i etterkant. (eventuelle spørsmålsrunde vil ikkje bli delt)

Meld deg på informasjonsmøte


Individuell samtale

Individuell samtale er eit tilbod for dei fødd i 1962 og tidlegare.

Tidspunkt vert tildelt etter påmelding. 

Me har mål om å tilby alle som ønskjer ein fysisk samtale, men dersom det er stor interesse, kan nokon få tilbod om digital samtale. Dei som får tilbod om digital samtale, kan få hjelp til å setje opp samtalen på rådhuset.

Meld deg på individuell samtale

 

Aktuelt for meldem av KLP og SPK

Informasjon og rettleiing frå KLP er også aktuell for medlem av SPK. 

Pensjonskalkulator og rettleiing frå KLP

I KLP pensjonskalkulator kan du sjølv rekne på din pensjon: www.klp.no/pensjon 

Du kan alltid kontakt KLP og få individuell rettleiing på telefon, chat, e-post eller ved oppmøte i Bergen: www.klp.no/kontakt-oss  
 

Kontakt

Ta kontakt ved spørsmål: 
Stine Holum Gjersvik: shg@tysnes.kommune.no