Fredrik Madsen er student i samanliknande politikk, og skal være i praksis i Tysnes kommune i tre månader, frå oktober til desember.
For å bli litt betre kjent med Fredrik spurte me om han villle skrive litt om seg sjølv:
Eg er Bergensar men også ¼-dels Tysnesing med røter frå Vermedal, kor slekta har oppheldt seg sidan Noreg var dansk. Studer ein bachelor i Europastudiar som i grunn er samanliknande politikk berre med fordjuping i EU, Europeisk politikk og historie. Har frå tidlegare ein bachelor i Litteratur, Film og Teater frå UiA.
Arbeidsoppgåva i praksisperioden vil væra å legge fram eit høyringssvar på NOU 2022: 10 som omhandlar endringar i inntektssystemet til kommunar. NOU’en er på rundt 300 sider og må komprimerast ned til rundt ein tjuandedel av dette og må vidare analyserast for å sjå kva konsekvensar det vil ha for kommunen om dei endringane som vart foreslått skulle gått gjennom Stortinget. Videre har eg prøvd meg som vikar i resepsjonen samt vært med på ein del møte om blant anna neste års budsjett samt dei forskjellige politiske møta som har blitt heldt.
På fritida prøver eg å være aktiv med eit mål om å løpe opp blåbærhaugen 3 gonger i uka. Når eg ikkje får det til, blir det en joggetur rundt Singelstad.
Ei anna fritidssyssel er å løpe rundt med motorsaga i håp om unngå at alt gror igjen samt sørge for ved til neste sesong.
Har også gjenoppdaga ein gammal hobby etter eg flytta ut her, nemleg amatør-astronomi. Har eit teleskop eg kjøpte for konfirmasjonspengane mine, som har stått i eit skap på hytta i årevis. Forholda på hytta er perfekt for teleskopet, ettersom det ikkje er nokon gatelys der. Så hadde satt pris på at det ikkje kom nokon gatelys der i nærmaste framtid.
Me vil nytte høve til å ønske deg velkommen til oss - og me voner du trivast her!