Me har plikt til å føre protokoll over alle kategoriar av personopplysningar me behandler.

Korleis fylle ut

Kvart kategori av personopplysning skal ha ei linje. Dersom ein behandler same kategori av personopplysning til ulike formål, vært det ført to linjer.

1. Identifiser dei ulike kategoriane opplysningar verksemda behandlar. Dette kan til dømes vera kontaktinformasjonen, bilete, opplysningar om  og skattetrekka til tilsette, kundars handlehistorikk, IP-adresser samla inn gjennom nettsida for verksemda, kundesegment osb. Ver nøye slik at du ikkje hoppar over noko.

2. Definer eit klart formål med kategoriane av personopplysningar. Éin kategori kan nokre gonger ha fleire formål, men du kan ikkje endra formålet i særleg grad når behandlinga har byrja. Formålet må ikkje vera for vidt eller ullent – ein skal alltid være konkret.

3. Identifisera kva behandlingsgrunnlag som passar best til dei ulike behandlingane. Kvar behandling kan berre ha eitt behandlingsgrunnlag, og ein kan normalt ikkje byta behandlingsgrunnlag undervegs. Dersom ingen av behandlingsgrunnlaga kan brukast, er behandlinga ulovleg.

4. Dersom du behandlar særlege kategoriar av personopplysningar (sensitive personopplysningar og biometri), må behandlingane også ha behandlingsgrunnlag i artikkel 9 i personvernforordninga.

 

Personvernombod

Ta kontakt med personvernombod dersom du trenger rettleiing - sjå også rettleiing i skjema.

Send kopi av bahandlingsprotokoll til personvernombod.

Kontaktinformasjon

Stine Holum Gjersvik
Tlf: 976 33 534
E-post: shg@tysnes.kommune.no