AKAN-arbeidet er ein viktig del av HMT-arbeidet vårt, og er med på å sikra at “fullt forsvarleg arbeidsmiljø” òg blir “best mogleg arbeidsmiljø” for fleire.
AKAN står for “arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk” og har som mål å forebygga avhengigheitsproblematikk i arbeidslivet.
AKAN-utvalet
AKAN-utvalet er underlagt Arbeidsmiljøutvalet (AMU), og har ansvar for rettleiing, arbeida med informasjons- og haldningsskapande arbeid, utarbeida handlingsplanar og retningsline for det systematiske førebyggingsarbeidet innan avhengigheitsproblematikk.
Samansetning
AKAN-utvalet er sett saman av AKAN-kontakt, representant frå arbeidsgjevar si leiargruppe, personalrådgjevar og representant frå bedriftshelsetenesta.
AKAN-arbeidet
Førebygging startar med ei retningsline som seier noko om kva haldningar me har i høve rusmiddelbruk og spel, som tilsett i Tysnes kommune.
Akan-rutina gjer meir informasjon om korleis AKAN-arbeidet føregår og kva ansvar me har som tilsett, kollega, leiar med vidare, både i førebyggande arbeidet, men og i enkeltsaker.
Retningsline for rusmiddelbruk og spel er vedteke i kommunestyre i 2022.
AKAN-rutina er vedteke i arbeidsmiljøutvalet 2023.
I tillegg til reglementet, føl desse dokumenta:
- Individuell Akan-avtale.pdf
- 1.gongs varsling ved brot på AKAN.pdf
- 2.gongs varsling ved brot på AKAN.pdf
AKAN-kontakt
AKAN-kontakt vert peika ut av AMU og vert valt for to år om gongen, med høve til å bli valt på ny. Oppgåvene til AKAN-kontakt er:
- i samarbeid med AKAN-utvalet ha førebyggande rolle, og gje informasjon og opplæring i spørsmål knytt til avhengigheitsproblem.
- vere tilgjengeleg for dei som treng å rådføre seg med nokon om eige, eller andre sitt avhengigsheitsproblem.
AKAN-kontakt er Benedicte Lundevold
Kontaktinformasjon: benedicte.lundevold@tysnes.kommune.no / tlf. 97 64 89 65