Har du ansvar for eit arrangement på vegne av Tysnes kommune – hug å legg dette ut på Friskus!

Ein kommune

Me ønskjer å samle alle arrangement frå kommunen i ein profil/arrangør for:

  • å sikre personvernet slik at folk kan melde seg inn og be om varsel på arrangement utan at dei trenger lage statistikk som viser at ein er særskild interessert i t.d. arrangement frå kreftkoordinator eller psykisk helse.
  • at me ikkje skal ha arrangørsider liggande utan aktivitet og med kontaktpersonar i permisjon eller som har slutta.

 

Tilgang som koordinator

Alle som ønskjer å opprette arrangement på vegne av Tysnes kommune vil få tilgang som "koordinator".
Det gjev følgande rettar (som me kan vurdere å endre på om me ser behov):

  • Invitere medlemmer
  • aktivitetsinnstillingar:
    opprett ny aktivitet
    endre, kopiere og avlyse aktivitet
  • Samtalar
    Høve til å sende melding til deltakarar på aktiv
  • Nyheitsvegg
    Høve til å lage, redigere og slette nyheiter

 

Hugs å legg til kontaktperson

Når du opprettar arrangement må du legge til ein kontaktperson på arrangementet.

 

Ta kontakt for å få tilgang

Du som treng tilgang til å legge til eit arrangement, ta kontakt med:

Stine Holum Gjersvik
tlf: 976 33 534
shg@tysnes.kommune.no