Skattekort er elektronisk

Arbeidsgjevar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten. Du treng ikkje å levere fysisk skattekort til arbeidsgjevar.

Fleire arbeidsgjevarar

Har du fleire enn ein arbeidsgjevar, er det viktig at du gjer desse merksam på om Tysnes kommune er din hovudarbeidsgjevar (der du tjener mest/har størst stillingsstorleik), ellerom me er biarbeidsgjevar. På denne måten sikrar du riktig skattetrekk.

Endring av skattekort

Før kvar lønskjøring vil me hente eventuelle endringar i skattekort. Dersom du endrar skattekortet ditt på www.skatteetaten.no, vil arbeidsgjrvar alltid vil ha tilgong til det nyaste skattekortet ditt.

Skattetrekk i juni og desember

Juni månad er skattefri, og det trekkes halv skatt i desember. Skattetrekksordninga er basert på at det vert trukke tilstrekkeleg skatt dei resterende 10 ½ måneder slik at det dekkjer forventa skatt for heile året.