Skikk og bruk ved sending av e-poster
Skikk og bruk ved sending av e-poster ligg på https://tysnes.arkivplan.no/
- E-post er veleigna til bruk for sendingar til eit stort antall mottakarar
- Bruk feltet "emne/tittel" til å gje meldinga eit kort, men informativ overskrift. På denne måten kan mottakaren prioritera saka rett. Dersom det er ein saksrelatert e-postmelding, bør du ikkje blanda inn fleire temaer i same melding
- Presenter den viktigaste informasjonen først i e-postmeldinga. Ver kort og presis. Forestill deg korleis mottakaren, i ein stressa kvardag, vil oppfatta hovedinnhaldet i meldinga.
- Det er viktig at du bruker eit enkelt språk, korte avsnitt og blank linje mellom avsnitta. På denne måten blir det oversikteleg og lett å forstå for mottakaren. Unngå overdreven bruk av STORE BOKSTAVER, farga tekst eller utropstegn!!!!!!! Hensikten med dette kan lett feiltolkast av mottakaren.
- Ha ein god rutine på at du les gjennom heile meldinga før du sender den. Sjekk spesielt at vedlegg som du refererer til er med i meldinga
- Ver oppmerksom på at e-postmeldingar med store vedlegg vil senka ytelsen på e-postsystemet og medføra at viktige hastesaker vert forsenka. Begrens antal vedlegg du sender med e-postmeldinga. Alternativet kan vera via ein link, til intranett/internett.
- Ver spesielt varsom med å senda meldingar hvis du er opprørt eller irritert. Husk av e-postmeldingar er "evige" og bør tåla dagens lys, uansett samanheng. Ver også oppmerksom på at du ikkje kan vita om meldinga vert vidaresendt.
- Legg deg til ein rutine der du jevnleg rydder og sletter meldingar i innboks og sendte elementer.
- I Tysnes kommune skal me ha ein fast bunntekst som inneheld opplysingar om deg som avsender slik at mottakaren kan identifisera deg (namn, tittel, eining, telefonnummer). Det er også lagt opp til at me skal leggja inn kommunevåpenet, samt fast tekst som informerer om kva som skjer med e-poster som me mottar
- God forvaltingsskikk tilseier at det alltid skal framgå kven som får kopi av e-posten. Blindkopi skal ikkje brukast på eksterne e-poster, og skal i minst mulig grad nyttast i interne e-poster i kommunen.
Publisert 10. januar 2022
av Åse D. Haaland