Når du skal logge inn i Compilo, bruker du det same brukarnamnet og passordet som du loggar på Pc'en din med. Løysinga nyttar single-sign-on, så du treng berre å logge inn ein gong. Lenka til Compilo finn du nedst i artikkelen.
I Compilo finn du det elektroniske avvikssystemet. Avvik som blir melde her, dannar grunnlaget for kvalitetsforbetring innan tenesteproduksjon, HMT-arbeid og andre forhold i organisasjonen.
Målet vårt er at Compilo skal vere staden der du som tilsett finn alle rutinar, reglement, skjema og planar du treng å kjenne til i jobben din. Me er i ferd med å bygge opp dokumentbiblioteket slik at det blir komplett. Dersom du saknar noko, ta gjerne kontakt med din leiar.
Får du feilmelding ved innlogging? Send ei henvending til Tonje Aakre: tonje.aakre@tysnes.kommune.no
