Deloitte er forvaltningsrevisor for Tysnes kommune. Dette inneber at dei mellom anna undersøker kvaliteten på kommunen sine tenester og system. 

Deloitte gjennomfører no ein forvaltningsrevisjon av bemanning og sjukefråvær på oppdrag frå kontrollutvalet i Tysnes kommune. Som ein del av undersøkinga skal dei sende ut ei spørjeundersøking til tilsette i pleie og omsorgtenestene i kommunen angåande bemanning og sjukefråvær.


Alle leiarar og tilsette i pleie og omsorg (Tysnes omsorgssenter og Open omsorg) vil i løpet av veke 11 motta ein e-post frå Deloitte (sendt frå elodegaard@deloitte.no), med invitasjon til å svara på spørjeundersøkinga.


Me håper at så mange som mogleg vil ta seg tid til å svare på undersøkinga. Dykkar svar og erfaringar er svært viktige for at Deloitte skal kunne undersøke kommunen sitt arbeid på dette området. 


I spørjeundersøkinga vil du mellom anna få spørsmål knytt til:
•    Bemanninga i pleie- og omsorgstenestene
•    Kompetanse i pleie- og omsorgstenestene 
•    Førebygging av sjukefråvær
•    Oppfølging av sjukefråvær


Spørjeundersøkinga vil vere open i 2 veker, og det vil ta mellom 5-7 minutt å svare på den.  


Bruk av data frå spørjeundersøkinga   

Data frå spørjeundersøkinga vil bli analysert og presentert på gruppenivå, og ingen enkeltpersonar som har svart på spørjeundersøkinga vil bli identifisert i rapporten som skal leverast til kontrollutvalet. Det er berre Deloitte som har tilgang til svara på spørjeundersøkinga. 

Deloitte si behandling av personopplysningar er heimla i kommunelova kapittel 24 og forskrift om kontrollutval og revisjon, jf. personvernforordninga artikkel 6 bokstav c).  
 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om undersøkinga eller om forvaltningsrevisjonen generelt, kan du ta kontakt med Deloitte sin medarbeidar Elisabeth Berg Ødegaard på e-post elodegaard@deloitte.no, eller prosjektleiar Anita Skarpås på e-post askarpas@deloitte.no.