I Stjernereiso barnehage får barna være med å bake brødet som dei får servert til lunsj.

Lagtidsheva brød fire dagar i veka

Brøda dei baker er langtidsheva. Dei kan fortelje at dette er praktisk, og gjer at det blir lite jobb. Slik blir det heimebaka brød fire dagar i veka. Dei supplerer med lomper og knekkebrød, og litt med butikkjøpt brød. 

Barna er delt

Barna som var med på bakinga den dagen me var på besøk, var delt i spørsmålet om kva dei syns om det ny brødet. Nokon likar det godt, medan andre føretrekte brødet dei fekk før – og ein av bakarane vil helst ha eple.

Luktar godt

Barna får være med å røre samman dei tørre ingrediensane. På slutten av dagen tilsett dei veske og deigen får stå til neste dag. Om morgonen heller dei deigen i brødform, der dei får heve litt meir før dei går i omnen. Ved lunsjtid luktar det godt av nybakt brød i barnhagen - og snart har dei ni nybakte brød.

Positivt både for næringsinnhald og pris

Barnehagen ser at bakinga positivt både ernæringsmessig og når det kjem til pris. Når innspelet om å bake eigne brød kom, var det enkelt for personalet å sei ja - dei hadde tidligare snakka om at dette var noko dei ønska å prøve. 

I slutten av august fekk dei føresette melding i Visma: “Me hiver oss uit og prøver - og evaluerer undervegs”. 

Me snakka med barnehagen då dei hadde baka brød i cirka ei veke. Erfaringane så langt er god, og dei håper dette er noko dei kan halde fram med.

Dei foreldra me har snakka med er positive til brødbaking. Dette høyrer dei ikkje så mykje til i barnehagen. Dei kan fortelje at ingen tilbakemelding, som hovudregel betyr at dei føresette er nøgd – det er gjerne heller i motsett fall at dei fått høyre det.