1. Sjekk at utstyret fungerer før møtet

Mange videokonferansesystem er enkle i bruk. Det er uansett eit godt tips å logga seg inn litt tidlig for å sjekke at alt fungerer.

 

2. Finn «mute»-knappen - og bruk den

Alt bråker meir i et eit videomøte! Host, flytting av papir, kaffikoppen mot bordet, einkvar lyd kan gjere at andre ikkje høyrer kva som blir sagt. Difor er «mute»-knappen din beste ven!

Hugs – «mute» når du ikkje skal si noko.

 

3. Bruk hodetelefonar

Bruk av hodetelefonar gjer videomøter vesentlig betre. I tillegg til at du høyrer betre og slepp å dele møtet med dei rundt deg – så kan du hindra ekko. Viss mikrofonen din tek inn lyd frå høgtalarane dine kan det bli vanskelig for alle å høyre kva som blir sagt.

 

4. Slå på kamera

Det er kjekt å sjå kvarandre! Særlig no som me alle har færre fysiske kontaktpunkt i liva våre. 

Syns du det er vanskelig å få eit godt bilde av deg sjølv? Plassering av kamera og kva lys du sitter i, kan gje store utslag for korleis du ser ut på skjermen.

Tips frå ein proff får du her: slik ser du bra ut på videolink fra hjemmekontoret

 

5. Unngå å avbryte

Det er god etikette å ikkje avbryte andre når dei snakkar, men i videomøter kan dette være vanskelig. Det kan til dømes være grunna forsinkelser på lyden eller videoen.

Difor er det god møtekultur i videomøter å vente eit par sekundar før du begynner å snakke. Så er du sikker på at den som snakka før deg er ferdig.

 

Oljedirektoratet har produsert god videosnuttar om møtekultur:

Del 1 - Sjekk utstyret

Del 2 - Unngå støy

Del 3 - La alle slippe til

Og hugs, om me ikkje får videomøtar til å fungerar, kan me alltid bruke telefonkonferanser: A Conference Call in Real Life

Bonustips

Ikkje gløym at folk har forskjellige system. Å si ting som: ”Trykk på knappen nederst til høyre”, er dømt til å mislykkast. Folk bruker både mobil, nettbrett og data med ulike nettprogrammer. Det kan sjå ganske annleis ut hos dei andre enn hos deg.

 

Har du tips eller triks, eller noko du vil dele? Send oss ein e-post, eller lag eit innlegg på tavla :)