Kjære alle saman

I den stille tida som no senkar seg over oss, vil eg senda dykk alle ei varm og hjarteleg julehelsing. Året som har gått har vore eit spennande år, fylt med samarbeid og engasjement. Eg er stolt over innsatsen kvar og ein av dykk har lagt ned for vårt fellesskap, for tysnessamfunnet og for innbyggjarane våre.

Til dykk som no tar vel fortent juleferie, vil eg ønskja ei god og fredfull julefeiring. Må de finna ro og glede, og nyt dei gode stundene som jula bringer med seg.

Til dykk som held hjula i gang i kommunen vår gjennom julehøgtida, vil eg retta ein stor takk. Dykkar innsats og engasjement gjer ein forskjell! Eg har von om at de vert godt vareteke, slik de sjølv vareteke dei som trenger at me er på plass kvar time, heile året.

2023 har vore eit spanande år, og me skal snart oppsummera året gjennom årsmeldinga. Dette redigeringsarbeidet gler eg meg til å ta fatt på, og det gir meg djupare innsikt i mykje spennande arbeid som er lagt ned gjennom året. Ofte har det skjedd meir enn eg hadde trudd.

Eg vil særskild trekke fram julebordet som reinhaldsavdelinga stelte så fint i stand for oss alle. Det var veldig kjekt at me kunne samlast så mange på tvers av verksemda. Tusen takk til alle som gjorde det til ein minnerik kveld ved å møta opp! Og tusen takk til reinhaldsavdelinga for alle timar og all kjærleik som var lagt ned i dette arrangementet.

Året går mot slutten, og eit nytt står for dør. Eg ser fram til eit nytt år fylt med nye moglegheiter og utfordringar som vi kan møta saman i 2024!

Ein riktig god jul og eit godt nytt år til dykk alle!

Helsing Steinar Dalland, rådmann