Me kan ikkje utelukka at det kan oppstå konflikter i samband med oppgjeret i år. For at Tysnes kommune skal stå best mogleg rusta til å handtera ein eventuell konfliktsituasjon, er det viktig at me får gjort ei god kartlegging av moglege konsekvensar på den einskilde arbeidsplass og at me har gått gjennom interne administrative rutiner.

Hovudavtalen del A § 5-1-2 forpliktar partane til å forhandle snarast mogleg om å unnta frå streik personar eller grupper som er naudsynt for at ikkje tredjemanns interesser skal skade på ein utilbørlig måte. Det er viktig at dette er avklart før plassfråtredinga kjem den 20. mai. I år vil det også være viktig å inkludere tilsette som har oppgåver knytt til den pågåande covid-19 pandemien i kravet om unntak frå streik. Nedanfor finn de søknad om dispensasjon.

 

Det er viktig at alle leiarane gjer seg kjent med beredskapsplan ved konflikt og at dei gjer seg nokre tankar om korleis avdelinga skal driftast ved ein eventuell streikt. Det er høve til å søkje dispensasjon for nøkkelpersonar.

 

Beredskapsplan v/streik

Søknad om dispensasjon.pdf

Dagleg rapportering.pdf

 

Her kan de finne meir informasjon om tarifffoppgjeret: https://www.ks.no/fagomrader/lonn-og-tariff/tariff-2021/