• Alle tilsette får tildelt brukarnamn og passord for å autentisera den tilsette og gje tilgang til Tysnes kommune sitt IT-utstyr, system og nettverk.
  • Passordet skal haldast hemmeleg for andre, og det skal lærast utanåt. Passordet skal som hovudregel ikkje skrivast ned. Dersom det likevel må skrivast ned, må det gjerast på ein slik måte og på ein slik stad at ikkje andre kan få tilgang til det. Det er ikkje tillate å bruka/låna brukarnamnet og passordet til andre brukarar.
  • Bruk andre passord i systema til kommunen enn dei du brukar på private innloggingar.
  • Dersom tilsette har gløymt passordet, eller mistenkjer at passordet har vorte kjent for andre, skal den tilsette kontakta IT eller bruka iforgot.tysnes.kommune.no for å få endra passordet omgåande.
  • Tilsette, konsulentar, vikarar og andre som skal ha tilgang til IT-systema skal ha underteikna erklæring om taushetsplikt.
  • Når tilsette forlèt PC-en, nettbrett, mobiltelefon m.m. skal denne låsast.