Før brukarident vert gitt

Før brukarident vert gitt, skal leiar gå gjennom følgande kapittel i Handbok for informasjonstrygleik med den tilsette:

Kapitell 1: Innleiing

Kapitell 2: Informasjonstryggleik for alle tilsette

Tillegg for leiarar: Kapittel 3: Informasjonstryggleik for leiarar

Oppretting av brukarident

Oppretting av brukarident skjer etter at ny ressurs er registrert i lønssystem. Me har bygd opp eit hierarki i lønssystemet vårt, som definerer rolle ut frå kor ny ressurs skal arbeida. Det er difor viktig at lønsmelding blir sendt til lønskontoret så snart arbeidsavtale er signert og før tiltreding, slik at brukartilgongar er på plass til ny ressurs har fyrste arbeidsdag. Her er saksgongen:

  • Skriv lønsmelding og før på kva lisens ny ressurs skal ha
  • Lever lønsmelding til lønskontoret
  • Lønskontoret registrerer ny ressurs
  • IKTNH køyrer dagleg rapport frå lønssystemet for å fanga opp nye ressursar.

Det vil framleis vera nokre program som krev manuell oppretting av brukar, eks. TidBank

Avslutning av brukarar

Det er like viktig å avslutta ein brukar, som det er å oppretta! Alle mellombels tilsetjingar skal ha ein til-dato på tilsetjingstilhøve. Det gjeld og for rammeavtalar. Dette for at me skal unngå å betala lisensar på ressursar som ikkje er tilsett lenger. Ressurs blir avslutta i lønssystemet ut frå til-dato i lønsmelding. 

Dersom mellombels tilsetjing skal forlengast, må lønskontoret ha lønsmelding innan gitte fristar.

Ved avslutning av faste tilsetjingar, må lønskontoret ha lønsmelding.