Aldri har det vore lånt ut fleire bøker frå Tysnes folkebibliotek.
Heile 9269 fysiske media vart lånt ut i 2023. Barne- og ungdomsbøker stod for 2/3 av utlånet.
«Dette er resultatet av mange års satsing på bibliotek og samlingsutvikling», seier biblioteksjefen. «Liva våre er fulle av så mykje visuell stimuli og ufiltrert informasjon. Papirboka har vorte eit middel både for avkopling, men også for meir målretta tileigning av kunnskap».
Fleire nyttar også meirope, bibliotekets løysing for sjølvbetjening. I 2023 var det totalt 1237 innlogginger, mot 920 i 2022.