Tilsette og leiarar i Tysnes kommune vil i desse dagar motta ein e-post med lenke til ei spørjeundersøking som Deloitte skal gjennomføre i samband med ein pågåande forvaltningsrevisjon av sjukefråvær og personalforvaltning i Tysnes kommune. 

Deloitte er revisor for Tysnes kommune, og har fått i oppdrag frå kontrollutvalet å gjennomføre forvaltningsrevisjonen.

 

Føremålet med forvaltningsrevisjonen

Føremålet med forvaltningsrevisjonen vil vere å undersøke omfanget og utviklinga i sjukefråværet, om kommunen systematisk arbeider med å redusere og førebyggje sjukefråværet og om kommunen har gode system og rutinar for personalforvaltning som legg til rette for at tilsette får medverke i forhold på arbeidsplassen.

 

Gjennomføring

Spørjeundersøkinga vert sendt på e-post til alle leiarar og tilsette med fast stilling, 19.november med svarfrist 6.desember. Det vil kome tydeleg fram e-posten kva den gjeld, og vil innehalde ei lenkje til ein Questback (spørjeundersøkjing). Sjekk gjerne søppelmappa, dersom den ikkje kjem direkte inn i innboksen din.

Svar frå leiarar og tilsette er svært viktig for undersøkinga, og Deloitte ber deg difor setje av tid til å gjennomføre spørjeundersøkinga. Sjølve undersøkinga tek omlag 10-15 minutt å besvare.

 

Anonymitet

Informasjon frå undersøkinga vil bli analysert og presentert på gruppenivå, og ingen enkeltrespondenter som har svart på spørjeundersøkinga vil bli identifisert i rapporten som Deloitte skal levere til kontrollutvalet. Det er berre Deloitte som har tilgong til svara frå undersøkinga. 

 

Oppfølging

Resultatet frå undersøkinga vert ein del av sluttrapporten som vert lagt fram for kontrollutvalet i løpet av 1. kvartal 2022.

 

Svarfrist

Frist for å svare vil vere to veker frå du får e-posten med lenke til sjølve spørjeundersøkinga.

 

Ved spørsmål kan du kontakte prosjektmedarbeidar Helene Ruud på e-post sruud@deloitte.no eller prosjektleiar Ingrid Kalsnes på e-post ikalsnes@deloitte.no