To gonger i året er utvida leiarteam på strategisamling. Samlingane er ein viktig arena for å få felles forståing for utfordringsbilete og rammene våre. Dei bidreg til å skape tettare samhald og samarbeid på tvers i organisasjonen og til å utvikle leiarskapet. Samlinga på hausten er tett knytt til budsjettarbeidet.
Utvida leiarteam består av strategisk leiing, einingsleiarane, samt rådgjevarane som jobbar opp mot leiing. Tysnes kommune er ein kompleks organisasjon. At me møtest på tvers er eit viktig verktøy for å nå vårt felles mål om å levere gode tenester – der tverrfagleg samarbeid blir stadig viktigare i møte med nye og meir komplekse utfordringar.
Første strategisamling var i april 2022, og no i mars vart femte gang utvida leiarteam møtast slik.
Strategisamlinga i mars 2024 var på Quality Hotell på Sandsli. Blant tema var årsrekneskap og framtidsperspektiv, endringsleiing med ekstern førelesar frå KS, samt leiarverdiar og interkommunikasjon.