Kvalitetsrådgjevar
Stillinga skal sikra kommunen sitt arbeid med til dømes internkontroll, HMS og tenestekvalitet. I ei nyoppretta stilling blir kanskje vegen til mens ein går i starten, men målet er å tilby og å levere betre tenester for tilsette og mottakarane i kommunen, kan Elisabeth fortelle. For å få dette til å fungere optimalt må ein til dømes jobbe systematisk med å evaluerer eiget arbeid for å finne rom for forbetring, læring og positiv endring.
Tidlegare erfaring
Elisabeth er utdanna sjukepleiar og jordmor. I tillegg har ho ein vidareutdanning frå universitet i Bergen innan helseøkonomi, helseleiing og kvalitetsforbetring.
Elisabeth har ein lang karriere innan helse bak seg. Ho har jobba innan helse sidan ho var 18 år, dei siste 10 åra som jordmor. Ho har erfaring frå primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og frå fleire av dei største helseføretaka i landet. Ho seier at ho har opplevd mykje og føler seg privilegert.
Eg vil jobbe for same mål som tidligare - eg ønskjer at folk skal sitte igjen med ei god oppleving. Sjølv om eg ikkje får jobba målretta mot ein familie, eit par eller eit menneske, så er målet det sama - å betra kvardagen og bidra til positive opplevingar. Målet er å bidra med tilrettelegging hos tilsette der ein kan jobba meir systematisk og enklare enn ein har gjort tidligare. Det er også eit mål å jobbe for at tenestene til brukarar og innbyggjarar skal vera av god kvalitet.
Kvalitetssystem
Elisabeth seier at arbeidet frametter vil dreie seg om å skaffe eit felles kvalitetssystem for kommunen og implementering av dette.
Eg har allereie blitt kontakta av fleire som venter på eit kvalitetssystem. Det er svært kjekt når eg får høyre kva som er viktig for dei enkelte fagområda og det er utrulig kjekt når andre er motiverte.
Avvikssystem vil være ein del av kvalitetssystemet. Avvik er uønska hendingar som det er viktig å ta lærdom frå. Eit avvikssystem er difor eit viktig forbetrings verktøy. Jobb med forbetring er ein kontinuerleg prosess.
Mindre fysisk aktivitet på jobb = meir aktiv på fritida
Elisabeth kan fortelle at no som ho har bytta bort sjukehuskorridorane med ein kontorpult på rådhuset, kjenner ho ein trang til være meir aktiv på fritida. Ho er bitt av padlebasillen og prøver å komma seg ut så ofte ho kan. Fjellturar med familien er også ein viktig kjelde til å henta energi. I tillegg kan ho foretella at ho så smått driv med litt dekktrening. "Dekktrening er ei fin treningsform for alle, det er kondisjon, styrke og ein får naturopplevingar og frisk."