Erik er tilsett som kontormedarbeidar i fellestenesta, i stillinga etter Marta Helland Hillesvik. Han har merkantil støttefunksjon mot Tysnes Omsorgssenter, og skal være en del av ekspedisjonen i rådhuset. Erik vil også ha ansvar for tilgangskort og val.
Erik har fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget, og har dei to siste åra vore kontorlærling på Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen.
Erik er født i Bergen og oppvaksen på Stord. "Eg hadde inga tilknyting til Tysnes frå før, og har bare vært innom i barndomsåra når eg og ein kamerat besøkte besteforeldra hans. Frå andre har eg høyrt at Tysnes er ein fin plass med mykje flott grøn natur, og det er eg absolutt einig i." sier Erik.
Erik har flytta til Tysnes for å jobbe her med oss. Av fritidsinteresser nemnar han interesse for data, og at han likar å gå turar.
"Som ny på Tysnes og i kommunen har eg mykje å sette meg inn i. Eg har blitt tatt godt i mot, og ser fram til å fortsette med nye og varierte oppgåver og kjekke kollegar."
Me vil nytte høvet til å ønskje Erik velkommen til oss, både som ny Tysnesing og som kollega. Me vonar at du vil trivast her!