Førebyggjande og helsefremjande arbeid
Susanna har vidareutdanning i allmenn og samfunnspsykologi og har eit sterkt engasjement i førebyggjande og helsefremjande arbeid. I det ligger det å leggje forholda til rette for positive utvikling i befolkninga, å bygge opp under trivsel og tilpassing, og å styrke innbyggjaranes eigne moglegheiter til å hjelpa seg sjølv.
Tildligare erfaring
Susanna kjem frå jobb i spesialisthelsetenesta og har siden 2015 arbeidd i Studentsamskipnaden i Stavanger. Ho har erfaring frå å utvikle lavterskeltilbod for studentar, ho har hatt undervisning, rettleiing og behandling i grupper og individuelt.
Kommunepsykologen
Kommunepsykologen skal fyrst og fremst nyttast som ei rettleiingsstilling opp mot andre tenester. Sidan dette er ei ny stilling i kommunen er kommunepsykologtenesta under oppbygging: "For å finne ut korleis me kan bruke mi kompetanse på best mulig måte i kommunen må eg bli kjent med både dei som jobbar på de ulike nivåa i kommunen, på organiseringa og kva samhandlingsarenaer som vert brukt.» seier Susanna.
God psykisk helse skapas der me bur, i lokalsamfunnet, i familien, i barnehagen, på skulen, på fritidsaktiviteter og i arbeidslivet. Førebyggjande tiltak retta mot born og unge leier til positiv utvikling. På denne måten kan ein stoppa ein utvikling der tidlige psykiske problem kan få konsekvensar og i vaksen alder.
Samarbeidsområder
Områda som peikar seg ut som naturlige for kommunepsykologen å jobbe med er fyst og fremst skule, barnehage og helsestasjonen.
Skule og barnehage
Når barn i skulane og barnehagane har trong for tilrettelagde tilbod, skjer dette i samarbeid med PPT og spesialisthelsetenesta. Kommunepsykologen kan her vera eit viktig bindeledd, og har også moglegheit til å gje personale i skular og barnehagar fagleg rettleiing.
Helsestasjon og jordmorteneste
Desse instansane har unike mogeligheiter for å fange opp born og unge som har risiko for å utvikle psykiske vanskar. Helsestasjonen kan tilby tiltak som foreldrerettleiing, og dei kan kople på andre instansar der det er trong for det. Kommunepsykologen kan her bidra med kompetanse og rettleiing, jobbe for samordning av ulike instansar, og komme med innspel for korleis utvikla gode kvalitetssystem.
Godt i gang med jobben
Susanna har vært i stillinga sidan 1. september og er godt i gang me oppbygginga av tenesta:
«Mitt hovudfokus framover vil vera førebygging og helseframande innsats retta inn mot born og unge.
Eg har meldt mi interesse for å bli med i ressursteamet ved Tysnes skule, Olweusteamene og eg har vært så heldig å få besøke kjekke Tysnes ungdommar på Treffstaden.
Eg tenkjer at det er viktig at alle vaksne som jobbar tett med barn og unge i kommunen har eit rom/møtepunkt der ein har moglegheit å tenke høgt saman om bekymringar, utfordringar eller undringar rundt barn og unges psykiske helse og få moglegheit for drøfting og rettleiing. Eg undersøkjer ulike mogeligheiter og organisering av slike samhandlingsarenaer."
Susanna fortel at ho har blitt veldig godt tatt i mot i Tysnes kommune og ser fram til det vidare arbeidet.
Me vil nytte høve til å ønskje Susanna velkomme til oss. Me vonar at du vil trivast hos oss i Tysnes kommune!