Tommy-René er tilsett som assisterende rådmann og begynt hos oss 1. september.
Han kjem frå stilling som kommunalsjef for områda utdanning og kultur og helse og omsorg i Vang kommune. Frå tidligare har han også erfaring som lærar og grunnutdaninga hans er allmennlærar.
Tommy-René kjem opphavleg frå Askøy, og har no busett seg på Onarheim. Han har interesse for korps, som han har drive med i rundt 25 år – dei siste 20 åra som dirigent for brassband og janitsjarkorps på både Austlandet og Vestlandet.
Tommy-René fekk raskt gå inn i rolla som øvste fungerande leiar hor oss då rådmann hadde ei vekes uplanlagt fråvær i september. Det er mykje som er likt frå en kommune til ein anna, samstundes er det mykje som er ulikt, seier han – men med mange flinke fagfolk i Tysnes kommune, og med Tommy-Renè sin tidligare erfaring som fungerande rådmann i Vang kommune, gjekk dette veldig fint!
Tommy-René fortel at han har blitt godt tatt i mot i Tysnes kommune og ser fram til det vidare arbeidet.
Me vil nytte høve til å ønskje Tommy-René velkommen, og vonar at du vil trivast hos oss i Tysnes kommune!