I mai tok desse tre frå Open omsorg turen til Bergen for to dagar med fagleg påfyll - leiarar frå Haugen og Vågsmarka bufellesskap, og fagleiar frå Dagsenter for personar med utviklingshemming.
Stiftelsen SOR arbeider med informasjons- og kompetanseformidling, fagutvikling og sosialpolitiske innspel, for å fremma utviklingshemmedes rettigheiter gjennom samvirke med enkeltpersonar, frivillige organisasjonar, offentlege etatar, fagmiljø og utdanningsinstitusjonar.
Tema for årets konferanse «2040 begynner nå!» var leiing og organisering.
I åra som kjem vil ein står ovanfor vanskelege utfordringar og spennande moglegheiter i tenestene til personar med utviklingshemming. Korleis me leier og organiserer tenestene vil være avgjerande for om me klarer å bidra til gode liv i tråd med eigne ønskjer og verdiar slik menneskerettigheiter og faglege føringar pålegg oss.
Statsforvaltar i Rogaland Bent Høye snakka om korleis CRPD forpliktar kommunane, og kva god leiing og organisering har å sei for våre tenester i åra som kjem.
FAFO- forskar Leif Moland delte av sin kunnskap om turnus-, heiltids- og kompetansekultur og arbeidsmiljø. Andre tema var kollegastøtte, faktorar for god implementering, velferdsteknologiens moglegheitsrom og korleis bygge ein god organisasjonskultur.
Eit nøkkelbegrep no, og i framtida er kompetanse; rett kompetanse og kompetanseutvikling.
Eit viktig tema på konferansen var Mitt Livs ABC – som er eit opplæringstilbod som er tilpassa tilsette som gjer helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming, og er ein viktig bidragsytar for å implementere kunnskap i praksis. Tysnes kommune har hatt fleire ABC-opplæringar, og i 2024-2025 er 24 tilsette i bufellesskapa og Dagsenter godt i gang med Mitt Livs ABC.