Tysnes kommune hadde stand i lag med Bu i sunnhordland på karrieremessa i Bergen 13. februar. Med oss hadde me ledige stillingar, samt ein «rekrutteringsbingo» for at potensielle tilflyttarar kan sjekke om Tysnes-livet er ein god match for dei. Me hadde også med oss ein omvising på Tysnes omsorgssenter i 3D-briller. 

Me stod i lag med andre kommunar og bedrifter i regionen, og me møtte mange kjekke studentar og arbeidssøkarar.